Ordens- og hamnereglement

ORDENS- OG HAMNEREGLEMENT FOR SYKKYLVEN SMÅBÅTHAMN SA
1.  Alle som ferdast i hamneområdet og på parkeringsplassen, pliktar å overhalde dei reglar og vedtak som årsmøtet eller styret har fastsett.
2.  Båtar som ligg i hamna skal ha stramme, forsvarlege fortøyingar påmontert gummidemperar framme, og om råd, bak. Båtane skal vere utstyrt med tilstrekkeleg fendring så ikkje andre båtar eller brygger/anlegg blir skada. Skader som oppstår pga regelbrot medfører erstatningsansvar. Båtar over 10 m skroglengde skal i vinterhalvåret (1.nov – 1.apr.) ha ekstra fortøying framme og bak. Dette gjeld òg mindre båtar over 6000 kg. Tek ein båten på land for vinteropplag, skal utliggarane knytast saman for å utjamne sidekreftene.
3.  Kjøring i hamnebassenget må skje med redusert fart og ikkje over 4 knop. I området rundt hamna skal motorkjøretøy ikkje ha større fart enn 30 km/t. Parkering av bilar må skje slik at det ikkje er til hinder for allmenn ferdsel. Parkering av andre «kjøretøy» er ikkje tillatt. Tidsavgrensa dispensasjonar kan avtalast med styret.
4.  Båtar på land skal setjast på tilvist plass (t.d. vinteropplag, reparasjon, vårpuss o.l.).
5.  Private båtvogner skal til vanleg ikkje lagrast på hamneområdet. Styret kan gjere unnatak.
6.  Flytebryggene skal ikkje vere lagerplass for vegn, tauverk, dreggar, joller o.l. då dette kan vere til fare for andre.
7.  Kvar einskild båteigar/partseigar pliktar til ei kvar tid, for sin båt, å halde båten lens, syte for snørydding, førtøying, fendring o.l. Forsikring av båt og utstyr er båteigaren sitt ansvar.
8.  Det er ikkje lov å sløye fisk eller spyle garn i hamneområdet. Båtar utan septiktank skal bruke toalett på land.
9.  Alle partseigarar/båteigarar pliktar straks og utan oppfordring frå styret, å rydde etter seg. Avfall, som til dømes: 

– spillolje
– gamle batteri
– båtvrak
– ekskrement frå hundar (andre dyr)
– avfall etter båtpuss
– anna avfall

skal fjernast frå hamneområdet omgåande.

Der er viktig at forskjellige oppslag om funksjonar på hamna vert lest og etterfølgt (t.d. oppslag om vinsjbruk, båtvognbruk m.m.)

Dersom nokon bryt desse reglane, kan opprydding bli gjort på partseigaren si rekning. Dette skal først skje dersom pålegg ikkje er tekne til følgje.

Ordens- og hamnereglane er meint å fungere slik at området i og rundt hamna skal vere triveleg å kome til, både for båteigarar/partseigarar og andre som gjestar oss.

Sykkylven, 19.12.2012 Styret

Menu Title