Vedtekter

VEDTEKTER FOR SYKKYLVEN SMÅBÅTHAMN SA
Vedteke 19.12. 2012

§ 1 Selskapsform
Sykkylven Småbåthamn SA er eit samvirkeforetak med skiftande medlemstal, vekslande kapital og avgrensa ansvar. Partshavarane heftar ikkje ovanfor samvirkeforetaket sine forpliktelsar.
Samvirkeforetaket har forretningskontor i Sykkylven.

§ 2 Formål
Formålet med samvirkeforetaket er å bygge, eige og drive Sykkylven Småbåthamn SA på Aureøyrane, til beste for partseigarar og gjestar. Organisasjonar, samanslutningar og einskildpersonar kan vere partseigarar.

§ 3 Partar/årsavgift/dugnad
Partskapitalen er delt i partar à kr 16800. Partane skal ikkje forrentast. Ved utmelding får partshavaren utbetalt verdien av parten – sjå § 3 andre avsnitt og § 4.

Ein part i Sykkylven Småbåthamn SA svarar til ein båtplass. Verdien av partane vert fastsett av årsmøtet. Kvar part skal betale årleg avgift fastsett av årsmøtet. Dugnad, timar og timepris vert fastsett av styret.

§ 4 Kjøp/sal/overdraging av partar
Innbetaling av partar skal gjerast etter føresegner sett av styret. Sal og overdraging skal skje gjennom laget v/styret etter ansiennitet på venteliste. Innløysing av parten skal skje så snart styret har fått oppgjer frå ny partseigar. Parten kan overdragast mellom nære slektningar, etter vedtak gjort i styret.

§ 5 Bruk av årsoverskot/dekking av underskot
Vedtak om bruk av årsoverskotet/dekking av underskot vert gjort av årsmøte etter framlegg frå styret. Det kan ikkje vedtakast brukt eit høgare beløp enn det styret gjer framlegg om eller godtar.
Årsoverskotet vert å leggje til eigenkapitalen og eventuelt underskot vert dekt av eigenkapitalen.

§ 6 Styringsorgan
a) Årsmøtet
Årsmøtet er samvirkeforetaket si høgste myndigheit. Ordinært årsmøte skal haldast ein gong kvart år innan utgangen av mars. Styret står for innkallinga. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret finn det nødvendig, eller når partshavarar som eig minst 10 % av partane, dokumentert ved underskrifter, krev det.

Alle årsmøte skal kallast inn med varslingsfrist på minst ei veke. Innkallinga skal gjere kjent kva saker som skal takast opp. Framlegg som partshavarane ønskjer skal takast opp på årsmøtet, må vere sendt til styret innan 15. februar.

Årsmøtet vel møteleiar, skrivar og to andre møtande medlemar til å skrive under møteboka saman med møteleiaren.

Sakliste på ordinære årsmøte: – Årsmelding
– Rekneskap og budsjett
– Andre framlegg frå styret
– Framlegg frå partshavarar
– Fastsetjing av godtgjersle til tillitsmenn
– Val
Under valet skal det, i tillegg til leiar og styre, veljast 2 revisorar for to år om gongen og valnemnd med 2 medlemar for to år om gongen.
På årsmøtet gir kvar part rett til 1 røyst. Partshavarar som ikkje sjølv kan møte, kan gi ein annan person fullmakt til å møte for seg. Fullmakta må vere skriftleg. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein partshavar. Møteleiaren skil mellom likt røystetal, unnateke ved val. I slike høve skal det veljast på nytt. Vert valet då ikkje avgjort, skal det gjerast ved loddtrekking.

b) Styret
Laget skal ha eit styre på 5 medlemar med 3 varamedlemar. Alle skal veljast av og mellom partshavarane på ordinært årsmøte for to år om gongen. Leiaren skal veljast av årsmøtet for eitt år om gongen. Styret konstituerer seg sjølv og vel skrivar, kasserar, bryggesjef og husansvarleg. Styremedlemane kan nekte attval i så lang tid som dei har gjort teneste i styret.
Styret skal stå for gjennomføringa av dei vedtak årsmøtet gjer. Styret har tilsyn med og avgjerd i alle saker som vedkjem den daglege drifta av hamna og laget. Styret er forvaltar av laget sine eigedomar og midlar. Styret skal førebu og gje tilråding i saker som skal avgjerast på årsmøtet. Styret skal føre møtebok. Boka skal underskrivast av alle som tek del. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemar møter.
Sykkylven Småbåthamn SA vert forplikta av underskrifta til styreleiaren og ein annan styremedlem i fellesskap.

§ 7 Plasstilvising/båtstorleik
Hamna er berekna for båtar opp til 40 fot. Ønske om storleiken på båtplassen skal imøtekomast så langt råd er. Endring av båtstorleik skal meldast til styret for godkjenning.
Styret står for plasstilvising. Styret har fullmakt til å omplassere båtar når dette er nødvendig av praktiske grunnar. Båteigar som må flytte båten sin, skal varslast på førehand. Plassering av båtar på land (vinteropplag /reparasjon) skal tilvisast av styret. Ved plassering utan tilvising/godkjenning av styret, kan fjerning skje på eigaren si rekning.

§ 8 Ordens- og hamnereglar
Det er utarbeidd ordens- og hamnereglement som skal overhaldast av alle partseigarar og leigarar, på lik linje med vedtektene.

§ 9 Eksklusjon av partseigar
Partseigarar som ikkje følgjer desse lover/vedtekter og/eller på annan måte ikkje svarer for pliktene sine ovanfor samvirkeforetaket ved t.d. ikkje betale innan gitte fristar

– partskapitalen fullt ut,
– årleg leige
– verdien av manglande utført dugnadsarbeid kan ekskluderast frå laget.
Eksklusjon kan òg vedtakast og setjast iverk med bakgrunn i dårleg åtferd i hamneområdet. Styret har fullmakt til å gjere vedtak om eksklusjon.
Før endeleg eksklusjonsvedtak blir gjort, skal partseigaren vedtaket gjeld, få høve til å uttale seg til styret. Eit eksklusjonsvedtak kan ankast inn for det nærast etterfølgjande årsmøte for overprøving. Slik anke må gjevast skriftleg til styret innan 3 – tre – veker etter at melding om eksklusjonsvedtaket er gjort kjend for den det gjeld. Vedtak vedkomande eksklusjon kan gjerast med vanleg fleirtal.
Etter eksklusjonsvedtak og ev. anke skal styret sørge for tilbakebetaling av innbetalt partskapital, men skal trekkje frå ev. beløp som partseigaren skuldar samvirkeforetaket.

§ 10 Endring av vedtektene
Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal på årsmøte.

§ 11 Oppløysing av Sykkylven Småbåthamn SA
Oppløysing av samvirkeforetaket krev 2/3 fleirtal av alle partane.
Ved oppløysing av foretaket skal partseigarane i Sykkylven Småbåthamn SA ha utbetalt verdien av parten sin dersom det er midlar i foretaket etter at det har dekt alle skyldnader. Utdeling av gjenverande midlar til partshavarane kan ikkje finne stad før det er gått minst to månader frå kunngjeringa av kredittvarselet.
Attståande midlar utover dette skal tilfalle dei som er partshavarar på oppløysingstidspunktet. Fordelinga skal skje på grunnlag av deira samhandling med foretaket dei siste to åra.

Menu Title