Protokoll Årsmøte 2019

PROTOKOLL ÅRSMØTE 2019
SYKKYLVEN SMÅBÅTHAMN SA

SERVICEBYGGET PÅ SMÅBÅTHAMNA MÅNDAG 25. MARS KL.19.00

29 frammøtte partseigarar + 1 representert med fullmektig, dvs 30 stk med stemmerett. Leiaren ønskte velkomen.

Saker:

1 Godkjenning av innkalling og sakliste
2 Val av møteleiar, skrivar og to til å underteikne protokollen saman med leiaren
3 Årsmelding
4 Rekneskap
5 Årsleige
6 Fastsetjing av godtgjersle til tillitsmenn
7 Utleige av plasser i hamna
8 Driftsbudsjett/investeringsbudsjett
9 Verdi på parten i hamna
10 Val

– Etter det formelle årsmøte vart det gitt ei orientering om parkeringsopplegg for biler på hamna.

 

1. Innkalling og sakliste samrøystes godkjent.

2. Møteleiar: Petter Lyshol (samr.). Skrivar: Ole-Petter Solnørdal (samr.). Bengt Lorentzen og Romandus Stave valt til å skrive under protokollen saman med leiaren (samr.)

3. Årsmelding for 2018 samrøystes godkjent. Avsnittet «Økonomi» vart kommentert.

4. Rekneskap samrøystes godkjent med nokre opp klarande kommentarar. Revisjonsberetninga var utan merknader.

5 Årsleige samrøystes godkjent som innstilt frå styret.
År 2019:  
tom 18 ft (A,C,D,E ): kr 2300;    29-30 ft  ( A,C, F ): kr 3350
19-23 ft    ( B,C ):       kr 2500;    31-34 ft ( A,C, F ):  kr 3550
24-25 ft ( A, C, D ):    kr 2700;    35-40 ft (F ):            kr 3750
26-28 ft ( B ):             kr 3000;     Kai:                 I forhold til ft.


6. Godtgjersle til tillitsvalte vedteke samrøystes som innstilt. (kr 23.000 til leiar, frie båtplassar til dei som sit i styret).

7. Utleige av plasser i hamna. Styrets forslag til vedtak vart gjennomgått. Mange gav uttrykk for sine synspunkt på saka. Det vart ikkje fremja andre forslag til vedtak. Styrets forslag vart vedteke mot 1 stemme (29 for, 1 mot)

8. Driftsbudsjett/Investeringsbudsjett. Styret sitt forslag til vart samrøysta vedteke.

9. Verdien på part i hamna vart samrøystes satt til kr 48.000,- som innstilt.

10. Val
Valnemda v/Svein Aure presenterte sitt forslag til val. Styremedlem Runar Klokk hadde gitt melding om at han ikkje stilte til val igjen. Leiar og 3 styremedlemmer er då på val i år. Valnemda foreslår: Petter Lyshol (leiar, attval), Viktor Berg (ny), Kåre Støylen (attval) og Ole-Petter Solnørdal (attval). Som ny varamedlem: Jan Kato Klokk. Valnemda sitt forslag vart samrøystes vedteke.

Det nye styret/tillivalgte:
Leiar (val kvart år): Petter Lyshol (attval) 1 år
Styremedlem: Petter Lyshol (ikkje på val) 1 år
Styremedlem: Jostein Haram (ikkje på val) 1 år
Styremedlem: Viktor Berg (ny) 2 år
Styremedlem: Ole-Petter Solnørdal (attval) 2 år
Styremedlem: Kåre Støylen (attval) 2 år

Varamedlem: Jan Kato Klokk (ny) 2 år
Varamedlem: Ole Bjørn Roald (ikkje på val) 1 år
Varamedlem: Kåre Hunnes (ikkje på val) 1 år

Revisorar: Olav Steinsvik (ikkje på val) 1 år
Leidulf Andestad (attval) 2 år

Valnemd: Ove Bjerkan (leiar) (ikkje på val) 1 år
Svein Aure (ikkje på val) 1 år


Møtet slutt ca. kl. 21:30

_________________              _____________________       _________________________
Bengt Lorentzen (sign)   Romandus Stave (sign)  Petter Lyshol (leiar)