Utleiereglar Servicebygget

UTLEIGEREGLAR SERVICEBYGGET SMÅBÅTHAMNA

Servicebygget skal kunne leigast ut til slutta lag heile året dersom dette ikkje er til ulempe for båtgjestane i hamna, naboar eller andre.

Det skal primært leigast ut til:

 åremålsdagar frå 30 år og oppover
 konfirmasjonar
 dåpsfestar
 kurs
 andre slutta lag der ansvarleg leigetakar er minst 30 år

Eit styrefleirtal har fullmakt til å leige ut servicebygget til andre arrangement enn nemnt over. Eit styrefleirtal har òg fullmakt til å seie nei til arrangement, sjølv om dette skulle oppfylle krava over.

I perioden frå og med påske til 15. september skal ein særleg ta omsyn til båtgjestane. I denne perioden skal ein primært leige ut til dagarrangement som konfirmasjonar, dåpsfestar og kurs/møte.

Den/dei som leiger skal ha ein som er ansvarleg både for leige, for betaling og for rydding av huset og uteområdet. Den ansvarlege ser òg til at ev. øydelagt inventar/andre skadar vert erstatta. Huset skal vere rydda og klart for neste leigetakar kl. 12.00 dagen etter utleige. Uteområdet skal vere rydda og klart før ein forlet området om kvelden/natta.

Pris for utleige pr. døgn : kr 1800,- (gjeldende fra 2012)

Ved kortare utleige (t.d. ved ymse kurs/møte) har styret v/leiar fullmakt til å redusere leiga, men aldri mindre enn til kr 300,- (gjeldende fra 2012).

Nøkkel vert levert ut til ansvarleg leigetakar.

Årsmøtet i Småbåthamna fastset utleigeprisar for komande år (perioden mellom årsmøta).

Reglane vedtekne på årsmøtet i 2011