Retningslinjer for fortøying

RETNINGSLINJER FOR FORTØYING

1. Båten bør plasserast slik at han ligg med baugen mot vinden/bølgjene si retning.

2. Tauverket skal vere tilpassa båten sin storleik/vekt. (Ver merksam på gnag og slitasje.)

3. Fortøyinga i baugen (mot flytebrygga) skal vere påmontert gummidemperar. Lengda skal vere tilpassa slik at båten ikkje kjem i kontakt med flytebrygga. Fortøyinga akter (i ytterenden av utliggaren) bør også ha påmontert gummidemperar.

4. Fortøyingane skal vere stramme.

5. Båtar som har berre ein gangbar utliggar, bør fendrast mot denne.

6. Det skal ikkje brukast sjaklar eller andre festeinnretningar som kan skade galvaniseringa på brygge eller utliggar (rustskadar).

7. Fortøying om vinteren skal ha spring frå midten/ev. bak på båten og fram i flytebrygga (ikkje utliggar).